Me kaller inn til dugnad i Lysefjorden!


Velkommen til Volunteering Norway si side om dugnadsferie i Lysefjorden!

Volunteering Norway er organisert gjennom Flørli 4444 AS, under ansvar av Hessel Haker. Prosjektet skal formidle arbeidskraft på dugnad til Flørli 4444 AS samt andre “eldsjel” bedrifter og organisasjonar innan lokalt reiseliv. Sidan det starta i 2014, har dugnadshjelpere jobba med vedlikehald av bygg og turistisk infrastuktur i Flørli og elles i regionen. Dei hjelper óg i dagleg drift av sommartilbodet på Flørli.

Opphaldet er alltid gratis for deltakarar, med unnatak av reisekostnadar. Me har kunnet glede oss over motivert og ofte ressursfull arbeidskraft. I sin tur får dugnadshjelparane oppleve hjarteleg vertskap og ein bit av Noreg utanom det vanlege. Det handlar om gjensidig glede – det skal jobbast, men óg vere høve til å oppleve og nyte fritida!

Er du norsk og vil delta i internasjonalt dugnadsarbeid er du ikkje den første – velkomen skal du vere! Desse nettsidene er på engelsk, men om du ikkje finn ut av det, ta gjerne kontakt for ein hyggeleg prat og kanskje me sjåast til sommaren!